No er det slutt på ledningar når du trenar!

Dei siste åra har såkalla «true wireless» blitt den nye standaren innan øyreproppar. Musikk rett på øyra utan nokon form for kabel. Apple har med sine Airpods gått fremst i denne utviklinga, men det er mange konkurrentar som har tatt opp jakta på amerikanarane. Danske Jabra er blant dei som har gjort dette med suksess. Dei har fleire modellar på marknaden, men i dag skal me sjå på Elite Sport.

 Ja, det stemmer, Jabra Elite Sport er øyreproppar laga for trening. Med IP67-sertifisering er desse bortimot vasstette, dei kjem med pulsmåling i øyra og ein eigen app slik at du kan loggføre treninga rett på mobilen. Kan du endelig droppe pulsklokka og beltet? Eit av dei viktigaste ankepunkta for dei som skal kjøpe seg «true wireless»-øyreproppar er at dei sitt på plass. Her har Jabra sikra seg godt med 6 forskjellige gummiproppar i tillegg til 3 forskjellige «venger» som gjer at dei aller fleste vil finne ein kombinasjon som gjer at dei sit som støypt i øyra. For at pulsmålinga skal virke er det og viktig at du vel riktig storleik på proppane og vengene.

 

Eit anna viktig spørsmål når me snakkar om «true wireless» er batteritid. Elite Sport kjem, som dei fleste andre, med eit ladeetui. Sjølve øyreproppane har 4,5 timars batteritid. Ladeetuiet har kapasitet til å lade opp ytterlegare 2 gonger og dermed har du til saman 13,5 timars batteritid. Dette er heilt i toppen blant dei heilt trådlause øyreproppane. Sidan øyreproppane blir oppbevart i ladeetuiet vil du svært sjeldan oppleve å gå tom for batteri.

 

Bruken av Elite Sport er lettvint og brukarvenleg. Fyrste gongen må du sette øyreproppane i paremodus med multifunksjonsknappen. Når dette fyrst er gjort ein gong vil dei automatisk skru seg på og pare seg med mobilen når du tek dei ut av ladeetuiet. På øyreproppane kan du justere volum, starte/stoppe musikk og svare/legge på telefonen. Knappane er ganske små, men fungerer godt i bruk, spesielt etter litt tilvenning.

 

Jabra har tatt store steg dei siste åra på lydkvalitet. Og Elite Sport er ingen unntak. Dei leverar krystallklar lyd som saman med den aktive støydempinga gjer totalbilete veldig bra. Her kan du spele musikk til dei tyngste løfta og dei hardaste intervallane av god kvalitet. Øyreproppane er òg utstyrt med "Hear through"-funksjon som gjer at bakgrunnsstøy slepper igjennom, perfekt når du skal ut i trafikken.

 

Utforminga er god, enkel og nøytral. Vil du vise deg fram er nok Airpods si elsk/hat utforming betre eigna. Vel du Elite Sport i svart er det få som vil vite akkurat kva øyreproppar du har, men til gjengjeld får du eit par som leverer god lydkvalitet og gode treningsfunksjonar, tåler svette og regn, gode moglegheiter for tilpassing i øyra og god batteritid. 

Øyreproppane kan du kjøpa her!

Din nettleser er utdatert!

For å kunne bruke alle funksjoner på nettsiden må du oppdatere nettleseren. Oppdater min nettleser nå

×