Voss Kommunikasjon skal vera eit miljøvennleg selskap, og har difor sertifisert oss som Miljøfyrtårn.
Å vera miljøfyrtårn stiller krav til oss innan områder som avfallshåntering, arbeidsmiljø, energisparande tiltak, og miljøfokus ved innkjøp og transport.
Miljøfyrtårn er er norsk miljøsertifiseringsordning som hjelp verksemder med å jobbe systematisk og målretta for å forbetra sine miljøprestasjonar. Miljøfyrtårn er annerkjend ved offentlege innkjøp og godkjent som dokumentasjon i anbudskonkurransar.
Voss Kommunikasjon skal skapa eit triveleg og sikkert arbeidsmiljø for alle tilsette. Me skal overhalde mynighetskrav og eigne krav som gjeld vår verksemd. Me skal og ta vare på verksemda sine bygningar og materiell, hindre belastning på ytre miljø, og våre produkt skal ikkje skade brukarane. Desse måla når vi gjennom kontinuerleg forbetring. Både leiinga og dei tilsette skal delta aktivt i forbetringsarbeidet.