Telefon-ikon
56 52 30 00
Mail-ikon
support@vossk.no
POI-ikon
Uttrågata 34, 5700 Voss
Gruppebilde av de ansatte i Voss Kommunikasjon

Om oss

Voss Kommunikasjon er ein breiddeleverandør av komplette tenester innan IT, kommunikasjon, mobil og data.

Sidan oppstarten i 1992 har me vore eit familieeigd selskap, med hovudkontor i Voss sentrum. I 2020 kjøpte fem tilsette selskapet frå dåverande eigar.

I dag er me 14 tilsette på Voss.

Miljøfyrtårn

Voss Kommunikasjon skal vera eit miljøvennleg selskap, og har difor sertifisert oss som Miljøfyrtårn. Å vera miljøfyrtårn stiller krav til oss innan områder som avfallshåntering, arbeidsmiljø, energisparande tiltak, og miljøfokus ved innkjøp og transport.

Kvifor?

Data, IT og digitale løysingar pregar verda i stadig større grad. I dag er så godt som alle “tilkopla” ulike digitale løysingar – dette gjeld både privatpersonar og verksemder. Samstundes vert løysingane meir mangslungne, kompliserte og samansette heile tida.

Bilde av server maskinvare.

Voss Kommunikasjon er her for å levere trygge, oppdaterte og tilpassa løysingar og tenester til deg og verksemda di.

Me tek oss av alt det tekniske – frå planlegging til installasjon og vedlikehald – sånn at du kan fokusere på viktige arbeidsoppgåver og slappe av på fritida.

Oppstår det dataproblem er me her for deg, og med backup-løysingane våre treng du ikkje vere redd for å miste viktige data om noko skulle skje.

Scroll for å sjå tidslinja vår

1992

Olav Himle startar Voss Kommunikasjon. VHF-radioar og svære mobiltelefonar var hovudinntektskildene dei fyrste åra.

Bilde av Olav Himle med VHF-radioar

1995

Me opnar butikk på gateplan, ved sida av Ringheimskaféen i Vangsgata. Verksemda vert del av MobilData-kjeda.

Grunnleggar Olav Himle går bort grunna kreft. Dotter Else Marie Himle og kjærasten Tore Nyborg tek over verksemda.

Bilde av Voss Kommunikasjon i 1995

1997

Me tilset vår fyrste datateknikar.

2001

Voss Kommunikasjon kjøper opp ABB si dataavdeling på Voss.

2004

Me flytter til nye lokal i Uttrågata 34.

2005

Voss Kommunikasjon inngår samarbeid med Telering-kjeda, som seinare skiftar namn til Mobit.

2012

Voss Kommunikasjon utvidar, og kjøper Uttrågata 32 og 34 frå Voss Sparebank.

Bilde av Voss Kommunikasjon team i 2012

2016

Vossaskyen vert lansert. Med to datasenter lokalt på Voss kan verksemder no lagre datasystem og informasjon trygt og innan rekkevidde.

2020

Eigar Else Marie Himle Nyborg sel verksemda til fem tilsette i Voss Kommunikasjon: Tom-Erik Jensen, Roger Hovland, Gøran Fimreite, Sverre Midlang og Frank Pedersen, gjennom holdingselskapet Vossk Holding AS.

Bilde av Eigar av Voss Kommunikasjon i 2020

2021

Voss Kommunikasjon og Avisa Hordaland startar opp marknadsføringsbyrået Mediesmio, som skal tilby komplette tenester innan marknadsføring for verksemder i regionen.

Mediesmio logo
Bilde av ansatte i Voss Kommunikasjon