Voss Kommunikasjon i arbeid

Microsoft 365

Arbeid smartare!

Med Microsoft 365 får du samhandling, produktivitet og tryggleik i ei brukarvenleg pakke.

Vanskeleg å få god arbeidsflyt på den digitale arbeidsplassen?

Drøymer du om eit trygt, brukarvenleg og synkronisert system for e-post, fillagring, kommunikasjon og samhandling?

Me leverer den populære Microsoft 365-pakka, med installasjon, support og backup til Vossaskyen!

Brukarvenleg, trygt og synkronisert

  • Alle Office-programma. Med velkjende og brukarvenlege program som Word, Excel, Powerpoint og Outlook får du jobben gjort!
  • E-post. E-postløysinga til Office 365 er trygg og brukarvenleg. Det er lett å synkronisere og oppdatere e-post, kalendar, kontaktar og gjeremål på tvers av utstyret du brukar. Med sikker lagring på nett eller i Vossaskyen vert ikkje kritiske e-postar borte om utstyret krasjar.
  • Fillagring. Med fillagring i OneDrive, Sharepoint og Teams kan du vera sikker på at filene dine alltid er trygge og tilgjengelege. Det er enkelt å dela og redigera innhald med kollegaer.
  • Samhandling. Microsoft Teams gjer det trygt og enkelt å jobba saman på den digitale arbeidsplassen, anten det er snakk om videokonferanse, skjermdeling, chat-meldingar, ringing, fildeling eller samtidig redigering av filer.
Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Skal du migrera frå ei anna løysing?

Me hjelper deg gjerne med migrering av e-post, filer og anna frå den gamle til den nye løysinga. Me kan og foreslå ein høveleg mappestruktur, og me set opp tilgangsstruktur for å gjera det trygt og enkelt å dela innhald med kollegaer og samarbeidspartnarar.

Bilete av ulike MIcrosoft 365-logoar.
Nokre av verktøya i Microsoft 365-pakka. Foto: Microsoft.

Funksjonalitet og tenester

Me tilbyr ulike tenester og pakkeløysingar tilpassa drifts- og tryggleiksbehova til deg og verksemda di.

  • PC og mobil-administrasjonsløysing. Me tek ansvar for styring av tryggleiksfunksjonar, innstillingar og oppdateringar av verksemda sine PC'ar, mobilar og nettbrett. På denne måten slepp du å tenkja på oppsett, synkronisering og oppdatering av dei ulike einingane. Med ein meir homogen utstyrspark får ein system og kontroll på den digitale arbeidsplassen.
  • Avansert tryggleikspakke. Her får du ekstra beskyttelse mot skadelege e-postar, meldingar og vedlegg i Outlook, Temas og OneDrive, og tofaktorpålogging til Microsoft-tenestene.
  • Backup i Vossaskyen. Me tek backup av dine Microsoft 365-data i Vossaskyen, så veit du at me alltid har filene dine på lokal server i tilfelle utstyrssvikt.

Ta kontakt, så finn me ut kva løysing som passar best for deg!

Photo of Gøran Fimreite, senior IT-konsulent hjå Voss Kommunikasjon

Microsoft 365 er den moderne arbeidsplassen, med samhandling, produktivitet og tryggleik i ein brukarvenleg pakke!

– Bård Magnus Fatland, Voss Kommunikasjon

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester