Voss Kommunikasjon i arbeid

Møterom

Gled deg til jobbmøte!

Me leverer oppdaterte møteromsløysingar med videokonferanseutsyr tilpassa deg og verksemda di.

Å ha eit møterom – digitalt eller fysisk – der det er godt å vere er viktigare enn du trur. Med trivsel kjem nye idear og løysingsorienterte diskusjonar – om du gleder deg til å sette deg ved møteromsbordet kan gleda fort smitte over på arbeidsoppgåvene!

Den hybride arbeidskvardagen

Den hybride arbeidskvardagen gjort sitt inntog på norske arbeidsplassar dei siste åra. Det har vorte større aksept for heimekontor, og dei fleste har no mykje erfaring med videomøte, Zoom, Teams og andre løysingar.

Med ny teknologi kjem nye utfordringar. Korleis behalde den gode møteromskjensla for dei fysisk oppmøtte, og videreføre denne inn i det digitale møterommet?

Ha AV-utstyret i orden

For å ha produktive møte med i ein hybrid arbeidskvardag er det heilt nødvendig å ha AV-utstyret i orden. Med godt videokonferanseutstyr som er enkelt å bruke kan ein fokusere på arbeidsoppgåvene i staden for tilkoplingsproblem, dårleg lyd og bilete.

Tilpass rom og utstyr til bruken

Kor mange er det som skal sitte i møterommet på same tid? Om det berre er eit par stykker treng ein ikkje vele det dyraste utstyret. Om ein skal vere mange rundt bordet kan det vere lurt å investere i større og betre skjerm eller prosjektor, og ein god løysing for lyd- og mikrofonløysing.

Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Tenk gjennom dette før du bestiller videokonferanseutstyr

  • Kor mange skal du ha plass til rundt møtebordet? Dette er den viktigaste faktoren når det kjem til val av videokonferanseutstyr.
  • Kor langt er møtebordet og lokalet? Om bordet er langt kan det vere nødvendig med ein ekstra mikrofon og høgtalar, slik at alle får eit ord med i laget.
  • Sit deltakarane nær skjermen? I så fall bør ein ha eit kamera med god vidvinkel.
  • Kor stor skjerm treng du, og kor mange? Toskjermsløysingar har vorte stadig meir populært – då kan ein sjå deltakarar på den eine skjermen, og skjermbilete eller presentasjon på den andre.
  • Kva tilkoplingar treng du? Har du tenkt å ha ein dedikert datamaskin til møterommet, eller skal du kopla på ulike pc’ar og telefonar? Det kan uansett vere lurt å ha overgangar så ein får kopla til einingar med ulike portar.

Du kan lese meir om korleis me jobba med møterom og videokonferanseutstyr for Voss DPS NKS Bjørkeli her.

Møteromsinstallering for Voss DPS NKS Bjørkeli. Terje Eide, Gøran Fimreite, Borgny Instanes og Henriette Hereid Gjeraldstveit.

Kva kan Voss Kommunikasjon levere til møterommet?

Me hjelper deg å finne videokonferanseløysinga som er perfekt til ditt bruk, og me leverer totalpakker med kamera, skjerm/prosjektor, mikrofon, kabling, tilkoplingspunkt, bordbrønn, med meir.

Me er leverandør av Logitech sine videokonferanseløysingar, og for dei fleste vil anten produkter frå Logitech Meetup-serien eller storebroren Logitech Rally vere veldig gode løysingar. Dette er kvalitetsprodukt som er enkle å bruke, med god lyd, fine bilete og “plug-and-play”-tilkopling. Ein skal ikkje trenge å vere IT-ekspert for å få i gang eit videomøte på jobben!

Logitech Rally Plus UltraHD

Installasjon og support

Voss Kommunikasjon tek seg av installering, oppsett og support om du treng dette. Om noko ikkje fungerer som det skal er det berre til å slå på tråden, som kjem me så fort me kan.

Om du har planar om å renovere møterommet ditt anbefalar me at du tek kontakt tidleg i prosessen. Då er sjansen stor for at me kan integrere utstyret heilt saumlaust i rommet, ved å legge kablar i golv eller vegg, og finne gode plasseringar for tilkoplingspunkt.

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester