Voss Kommunikasjon i arbeid

Nettverk

Nettverk som teneste.

Me driftar ditt sentrale nettverk, og tek ansvar for tryggleik, kapasitet og vedlikehald.

Har du dårleg og upåliteleg internett på arbeidsplassen? Er du redd for at uvedkommande kan henta ut sensitiv informasjon frå nettverket ditt?

Voss Kommunikasjon kan drifte ditt sentrale nettverk, og sette opp brannmur, switch’ar og trådlaust nett med fokus på tryggleik, kapasitet og enkel bruk.

Utfordringar med nettverk

  • Tryggleik. Mange verksemder har trådlaus og skybasert tilgang til interne ressursar og sensitiv informasjon. Om brannmur og tilgangskontroll ikkje er ordentleg satt opp kan ein risikere cyberangrep og at sensitiv informasjon kjem på avvege.
  • Rekkevidde. I enkelte bygg kan det vere vanskeleg å bygge ut eit godt trådlaust nettverk, då signalet vert svekka når det skal gjennom veggar og andre hindringar.
  • Vedlikehald og oppdatering. For å sikre at kapasitet, hastigheit og tryggleik held seg på topp lyt ein halde utstyr og programvare oppdatert, og i nokre tilfelle oppgradere utstyr. Då treng ein teknisk kompetanse og oppdatert kunnskap om dei ulike løysingane som er tilgjengelege.
  • Misbruk av nettverk. Om uvedkomande får tilgang til nettverket kan dei bruke det til å utføre kriminelle handlinger som ulovleg nedlasting eller innbrot på andre nettverk. Verksemda di kan stillast til ansvar for desse handlingane med mindre verksemda kan bevise si uskuld.
Kontakt oss for uforpliktande tilbod

Løysinga: Nettverk som teneste

Voss Kommunikasjon kan ta på seg drifta av ditt sentrale nettverk, og stå for levering og oppsett av brannmur, switch’ar og trådlaust nett. Då tek me ansvar for at du til ein kvar tid har den tryggleiken, kapasiteten og hastigheiten du treng. Her er nokre av fordelane med denne løysinga:

  • Nedetid fører til stopp i arbeidet, irritasjon og forseinkingar. Me leverer robuste og sikre nettverkstenester som sikrer mot nedetid, der feil vert retta opp fortløpande.
  • Me har kort frist for å ordne opp om noko er feil – denne fristen er avtalefesta når du bestiller nettverk som teneste av oss.
  • Me sørger for trygge og sikre nettverksløysingar som alltid er oppdaterte.
  • Me set opp gjestenett som besøkande kan koble seg til med ein enkel pålogging og begrensa hastigheit og tilgang.
  • Me har alltid reserveutstyr tilgjengeleg om noko sluttar å fungere.
  • Me tek backup av brannmur og switch til Vossaskyen for å kunne få kunden tilbake i drift så raskt som mogeleg om noko går galt.
  • Med nettverk som teneste betalar du ein fast og forutsigbar sum som inkluderar inneheld utstyr, lisens, drift, vedlikehald, backup, oppdateringar og support.
  • Me brukar leiande kvalitetsmerke som Fortinet, HPE og Zyxel når me set opp nettverket ditt.
Illustration network
Bilete illustrerar korleis nettverket fungerar.
Photo of Gøran Fimreite, senior IT-konsulent hjå Voss Kommunikasjon

Å ha ei påliteleg nettverksløysing med brannmur og tilgangsstyring er heilt avgjørande i dag, når fleire og fleire bedriftskritiske system vert køyrde i skyen.

– Roger Hovland, dagleg leiar

hjå Voss Kommunikasjon

Ønskjer du å vite meir?

Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!

Takk! Me tek kontakt med deg snart.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.

Fleire
tenester