Tilpassa programvareløysingar
Me kan hjelpa deg med trygge og smarte måtar å køyra programvare på, for å sikra god arbeidsflyt på den digitale arbeidsplassen.
Slit du med dårlege dataprogram, låg hastigheit og dårleg flyt i den digitale arbeidskvardagen?
Me kan hjelpa deg med trygge og smarte måtar å setja opp datasystem på med utgangspunkt i dine programvarebehov, anten vil køyra program lokalt, på Vossaskyen, offentleg sky eller med ein hybridløysing.
Me tek utgangspunkt i din arbeidsprosess og dine behov. Når me har danna oss eit bilde av kva funksjonalitet du treng, brukar me vår kompetanse og erfaring for å setja opp ei løysing som passar din arbeidsflyt.
Eit dataprogram kan køyrast lokalt på eigen maskin. Men om ein vil at fleire skal ha tilgang til programmet og jobba saman i same arbeidsområde treng ein å kopla seg til ein form for sky eller server.
Mange program koplar opp mot "offentlege skyer" som Microsoft Azure eller Amazon AWS. Men ein kan og køyra program og lagra filer på eigen server, som i Vossaskyen.
Me tilbyr smarte og fleksible hybridløysingar, der ein kombinerer det å køyre programvare lokalt med backup og samhandling via Vossaskyen og/eller offentleg sky.
Det er ulike fordelar og ulemper med dei ulike løysingane – ta kontakt, så finn me ut kva som passar best for ditt bruksbehov!
Ved å køyra programvare i Vossaskyen kan du få tilgang til større datakraft, avansert tilgangsstyring og samhandling, profesjonelle verktøy og avansert tryggleik og backup.
Nokre av programma me har i Vossaskyen er Uni Micro, Visma- og Adobe-suiten. Sjå heile lista her:
Behovsanalyse er det viktigaste vi gjer. Det er ikkje opp til oss å fortelja folk korleis dei skal jobba, men me har mykje erfaring med ulike digitale verktøy og programvare som kan vera med å hjelpa arbeidsflyten i verksemder der ute. Me er opptekne av å finna den beste løysinga for kunden sin arbeidsprosess.
Send oss ein e-post. Me ser fram til å høyre frå deg!