Store arrangement treng mykje støtte
Langrenn er ein av aktivitetane Voss Kommunikasjon støtter opp om, blant anna med sponsing av Vossalangrenn, Voss Ski- og Tursenter og Norgescupen for juniorar som var arrangert der førre sesong (2023 Equinor NC jr. Voss).
– Det er mange som bidreg mykje for at lagslivet og langrennsaktivitetane skal fungera, både i form av dugnadsarbeid og økonomisk spons og gåver. Me er heilt avhengige av å ha bidragsytarar frå lokalt næringsliv med på dugnaden, fortel Arnstein Aas.
Han er ein av eldsjelane i Voss Ski- og Tursenter og styreleiar i Vossalangrenn.
– Norgescupen me hadde her i førre sesong gjekk over tre dagar med 800 deltakarar og 2400 startarar. For å få til eit så stort arrangement i ei lita bygd er det klart at me treng mykje støtte. Det som var ekstra kjekt med støtta frå Voss Kommunikasjon i dette høvet var at dei bidrog med kompetanse og IT-utstyr i tillegg til økonomisk støtte. Me fekk låna pc'ar og fekk generelt god hjelp på IT og kommunikasjon. Det er kjekt at dei bidreg på fleire frontar, meiner Aas.
Vossalangrenn er viktig for bygda
Aas vil og nemna Vossalangrenn som ein viktig drivar innan langrennssporten i bygda.
– Vossalangrenn er ein samordning mellom alle idrettslagene her på voss, på kryss av alle klubbane. Kongstanken er å få ungdommen til å komma saman i langrennsporten, slik at dei kan trena i lag, ha det kjekt og kanskje driva på aktivt litt lenger. Dette initiativet er eit godt døme på noko som ikkje hadde gått til utan mykje dugnadsånd og god støtte frå sånne som Voss Kommunikasjon som er med og bidrar, meiner Arnstein Aas.
Me er med på dugnaden
Me er stolte av å bidra til ei rekke aktivitetar og arrangement innan idrett og kultur gjennom året, som til dømes Osafestivalen, Vossa Jazz, FBK Voss, Voss Golfklubb, Heidrafest, Viljar, Bømomarsjen, Landsskyttarstevnet med meir!