Kundefokus i krevjande tider

Det siste halvåret har me valt å fokusere meir på oppfølging av dei eksisterande kundane våre, fortel Roger Hovland.

– Det siste halvåret har me valt å fokusere meir på oppfølging av dei eksisterande kundane våre, fortel dagleg leiar Roger Hovland.

Det er usikre tider ute i verda, og det merkest også lokalt for Voss Kommunikasjon.

– Med høge kostnadar og renter gjer at me ser ein avgrensa investeringsvilje hjå mange verksemder. Me er heldige som har ei brei portefølje med lojale kundar som driv innan ulike bransjar.

Ein pust i bakken

– Dei siste åra har me hatt ein bratt omsetningsauke, men i 2024 har me teke ein liten "pust i bakken" for å ta vare på dei lojale kundane, i staden for å jakte nye. Dette har bidrege til stabilitet trass ein noko avventande og krevjande marknad.

Resultatmessig har det vore eit bra år for Voss Kommunikasjon, men med ein budsjettert nedgang fra 2023.

Vekst i digitale tenester

Hovland fortel vidare at det har vore ein auke i bruken av Vossaskyen og Microsoft 365.

– Vi har sett ein generell auke i talet på kontoar, noko som viser at kundane set pris på dei digitale løysingane vi tilbyr.

Elles har halvåret vore prega av arbeid med samband i tunnelprosjekt for Birkas. Dette prosjektet liknar det me har gjort tidlegare i Jernfjelltunnelen, som du kan lesa meir om her. I tillegg har vi jobba med oppgradering av AV-løysinga for Fleischer's Hotel og Miljøfyrtårn-resertifisering, som me no har for tre nye år.

– Me har ingen kundar som har mista data i 2024 på grunn av hacking, men det manglar ikkje på angrep.

Roger Hovland, dagleg leiar hjå Voss Kommunikasjon

Auka cybertrussel

– Meir konflikt fører til auka cybertrussel, så alle bedrifter må ha meir fokus på IT-sikkerheit no. Konfliktar rundt om i verda vert ofte finansierte gjennom hacking og ransomware-angrep. Når vi sit heime framfor TV-en, kan verdskonfliktane verke fjerne, men dei kan faktisk bli finansierte av hacking av ei lokal bedrift, meiner Hovland.

Han legg vekt på viktigheita av regelmessig sikkerheitskopiering og bruk av tofaktorautentisering. Ved å stenge alle moglege inngangsportar til systema, kan ein redusere risikoen for angrep betydeleg.

– Me har ingen kundar som har mista data i 2024 på grunn av hacking, men det manglar ikkje på angrep.

Her er nokre av Hovland sine beste tips for IT-tryggleik:

  • Ver varsam med e-post: Unngå å klikke direkte på lenker i e-postar. Sjekk alltid avsendaren, og gå direkte til nettsida som lenka viser til, i staden for å klikke på den.
  • Kvifor deler vedkommande dette? Når du mottar filer eller delingar via tenester som SharePoint eller Dropbox, vurder kvifor vedkommande deler innhaldet med deg. Ring gjerne vedkommande for å bekrefte delinga.
  • Ta kontakt ved tvil: Dersom du er usikker på om noko er trygt, ta kontakt med IT-kyndige før du trykkar på noko eller deler informasjon.

– Det er viktig å tenke seg om, spesielt no som året går mot slutten og det er mykje fokus på rekneskap og deling av bilag. Ein bør stille kontrollspørsmål, og ikkje minst ta kontakt med oss om det er noko ein lurer på.

Voss Kommunikasjon tilbyr og korte kurs for verksemder der deltakarane lærer å identifisere phishing-forsøk og andre digitale truslar.

Spennande framtidsplanar

Ser vi fram mot 2025, planlegg Voss Kommunikasjon store investeringar, spesielt i Vossaskyen.

– Me gler oss til eit spanande år med store investeringar i nettverks- og serversida, og vi ser fram til å flytte inn i nyoppussa lokale som vil vere klare om 2-3 månader, seier Hovland.

Ombygginga av lokalene våre, som startar i veke 3, vil gi endå betre fasilitetar for både tilsette og kundar.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.