Eit behageleg halvår
– Det har vore eit ganske behageleg halvår samanlikna med slik det har vore dei siste åra. Marknaden har vore litt trå, med bedrifter som er meir skeptiske til store investeringar grunna inflasjon og rentenivå, men me merker at byrjar å ta seg opp att no, fortel dagleg leiar Roger Hovland.
Han trekk fram tre nye, svært vellukka tilsettingar som ein faktor som speler med og – desse nye personane har vore med å letta arbeidsmengda.
– Sjølv om det har vore roleg har me oppnådd gode resultat. Me har fått nye, viktige kundar som Sylvsmidja og Fjordtind Hotel, som no har Voss Kommunikasjon som deira IT-avdeling. Prosessen med desse nye kundeforholda byrja på slutten av fjoråret og vart fullført i fyrste kvartal i år, fortel Hovland.
Nokre av vårens høgdepunkt
Ein av dei viktigaste sakene dette halvåret var anbodet for IKT Nordhordaland, som du kan lesa meir om her.
I tillegg har me levert mykje anna spennande til andre viktige kundar, her har me plukka ut eit par av dei!
Avansert møtesal for Ulvik herad
Voss Kommunikasjon har nyleg levert ein omfattande, tilpassa møteromsløysing til Ulvik Herad sin møtesal.
– Dette er det største og mest kompliserte me har levert når det gjeld lyd, bilete, streaming og digitale møter, meir omfattande enn Vangskyrkja-leveransen òg, seier Espen Selvik, prosjektleiar hjå Voss Kommunikasjon.
Leveransen inkluderte to 98-tommars møteromsskjermer, lydsystem for innhaldsvisning, musikk og digitale møter, samt teleslynge via kryptert frekvens.
Me installerte også ei streamingløysing til kommune-TV, slik at folk kan sjå heradsstyremøter live medan dei pågår. For å sikre kvalitet og brukervennlighet, leverte me fem mikrofonar til tale, Bluetooth-tilkobling for musikkstreaming og styring med enkel betjening.
– Det meste av automatikken skjer i skapet på bakrommet, med styring frå ein display i salen, forklarar Selvik.
Godt samarbeid
Espen understrekar kor viktig godt samarbeid med IT-avdelinga i Ulvik Herad og dei andre leverandørane har vore undervegs. Leveransen var bestilt av Næringshus AS som totalentreprenør, medan CBK er underleverandør av komponentar til Voss Kommunikasjon.
– Me starta leveransen i april i fjor, og bygginga byrja tidlegare i år. Ulvik møtesal er viktig for kommunen og kan brukast til mykje forskjellig. Den fyrste heradsstyremøtet med den nye løysinga vart avhalde 19. juni, og alt fungerte knirkefritt, seier Selvik.
Leveransen til Ulvik Herad inneheld også mange funksjonar som gjer rommet fleksibelt og tilpassingsdyktig. Akustikken i rommet er særs god takka vere treverket. Konferanserom og møterom kan lett tilpassast ulike behov og bruksmønster, noko som gjer løysinga ideell for ein variert bruk.