Store AV-oppgraderingar på Fleischer's Hotel

Voss Kommunikasjon har gjort omfattande oppgraderingar på møteromsfasilitetene til Fleischers Hotel, som ein del av hotellet si satsing på bedriftsmarknaden.

Moderne teknologi møter historisk atmosfære

I byrjinga av 2024 tok Iselinn Tho Tønjum over som fungerande hotellsjef på Fleischers Hotel, med klare planar om å vidareutvikle hotellet utan å forkasta det historiske preget:

– Det handlar om å kombinere moderne teknologi med den unike atmosfæren vi har her.

Ho var snar med å sørge for oppgraderingar i konferanseromma i Bergslien-fløyen, som no har fått ny lyd- og bileteutrustning for hybride konferansar, levert av Voss Kommunikasjon.

"Hjernen" i det nye systemet, med veggdisplay for enkel styring av lyd og bilete i dei tre møteromma.

800 meter kablar

Tom-Erik Jensen frå Voss Kommunikasjon fortel om arbeidet som er blitt gjort:

– Me reiv all gamal infrastruktur og bygde opp eit moderne digitalt møterom der dei kan ha alt frå tradisjonelt møte i ein sal til tre salar samankopla med slaveskjerm og lyd.

Voss Kommunikasjon trekte noko sånt som 800 meter med nettverkskablar for å sikre optimal kommunikasjon mellom dei tre romma.

– Det var ein fornøyelse å få jobba på Fleischer's, og gå i dei historiske gangane der borte, planlegga og finne løysingar, sånt er veldig gøy for oss. Dei er jo utruleg gode på vertskap, og det gjeld ikkje berre hotellgjestar, det fekk me merka, med upåklageleg hjelp og oppfølging i alle fasane av arbeidet, fortel Jensen.

Det at dei leverte så bra gjer at det er enkelt å velje dei vidare til andre prosjekt.

Iselinn Tho Tønjum, fungerande hotellsjef, Fleischer's Hotel
Fungerande hotellsjef Iselinn Tho Tønjum (Foto: Eirik Flyversen)

Knallhard konkurranse

Iselinn Tho Tønjum fortel at sjølv om det ikkje er så mange år sidan dei oppgraderte AV-utstyret sist, går utviklinga så raskt at utstyret allereie var umoderne.

– Krava til kva som er tilgjengelig i konferanserom vert berre større. Fullintegrert lyd og bilete med teamskamera var nødvendig for å vera konkurransedyktige, og det har me fått no, seier ho.

Det er knallhard konkurranse blant hotella på Voss når et kjem til bedriftsmarknaden. Med dei nye oppgraderingane meiner Tønjum at alt ligg svært godt til rette for konferansar, seminar og fest på kvelden for alt frå små grupper til 100-120 pers.

Lyssterk projektor og enkel plug-and-play tilkopling.

"Det me trengte, ikkje det dei ville selja"

Kvifor valde Fleischer's Voss Kommunikasjon til AV-oppgraderingane?

– Voss Kommunikasjon gav eit tilbod ut frå kva me trengte, og ikkje kva dei ville selja. Dei såg heilskapen og tok utgangspunkt i det som fanst, tilpassa dei nye løysingane og la til rette for å vidareutvikle det dei no har installert i framtida. Og viss det er noko, er dei rett borti gata, dei tek telefonen døgnet rundt og er veldig gode på kundestøtte. I tillegg er jodet å bruka lokale bedrifter viktig for oss, det bidreg til å gjera bygda til ein endå betre stad å vera, bu og jobba.

Tønjum er nøgd med både prosessen, leveringa og det tekniske utstyret. Utstyret som vart levert er no i bruk kvar veke.

Kort tidsfrist

– Eg var litt tøff med dei og gav dei kort frist då me avtalte dette i vår: Eg sa at dei måtte gjera det på sommaren når konferanseverksemda har ferie, ellers får me aldri gjennomført det. Dei heiv seg rundt og la ein plan, til og med i sommarferien, som gjorde at det sto klart til konferansesesongen etter sommaren. Me fekk oppdateringar heile vegen om dei var i rute. Det at dei leverte så bra og på tid gjer at det er enkelt å velje dei vidare til andre prosjekt, seier Iselinn Tho Tønjum avslutningsvis.

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.