Frå og med veke 2 vil dei noverande lokala til Voss Kommunikasjon bli stengt for oppussing. Me vil opna ein mellombels butikk i Vangsgata 34 (ved siden av Sylvsmidja), og denne skal etter planen vere klar til veke 3.
Byggeprosessen i dei eksisterande lokala vil ta om lag 8-9 veker. I denne perioden vil alle kontortilsette vere midlertidig plasserte i tredje etasje i Aas-bygget (over Coop Prix).
Tilsette og kundar vil fortsatt kunne få tak i Voss Kommunikasjon ved å ringe, enten dei treng å nå butikken eller kontoret.
Oppussinga inneber ei heilrenovering av både butikk og kontor. På grunn av vekst i talet på tilsette, er det behov for fleire kontorplassar og endringar i romoppsettet for å betre utnytte plassen.