Voss Kommunikasjon som IT-leverandør for IKT Nordhordaland
– IKT Nordhordaland er IT-avdelinga til 12 kommunar rundt i distriktet vårt, og me har vunne eit anbod for å levere datautstyr til dei dei neste fire åra, seier dagleg leiar Roger Hovland.
– Dette er vel isolert sett den største saka i Voss Kommunikasjon si historie, estimert til 40 millionar kroner over fire år, legg han til.
Gjennom ein omfattande offentleg anbodskonkurranse, der 10-12 ulike leverandørar leverte tilbod, vart Voss Kommunikasjon vald ut som ein av fire leverandørar. Frå mai neste år vert Sys IKT med på same avtalen, så då vert det totalt 20 kommunar som er involverte.
Strenge krav og høg kvalitet
– Offentlege innkjøp er svært strenge, med mange reglar som styrer om du kan bli leverandør. Me slo ut både nasjonale og internasjonale konkurrentar her, det er knallhard konkurranse om desse oppdraga, så det er me stolte av, seier Hovland vidare.
Ved tildelinga av anbodet vart det lagt vekt på tre kriterium: pris, kvalitet på produktet og kvalitet i skildring av leveransen.
– Me ser offentlege anbod som ein viktig del av vår strategi og vekst, spesielt i ein tøff marknad med høg inflasjon og renter, forklarar Hovland. – Å kunne sikre seg slike kontraktar er heilt essensielt for oss.
For å verta konkurransedyktige har Voss Kommunikasjon jobba mykje med å sikre kvalitet i leveransane gjennom interne rutinar og dokumentasjon.
– Me viser til konkrete rutinar og erfaring i anbodsprosessen, i staden for å berre seie at me kan noko. Erfaring og prøving har gjort oss flinkare. I tillegg støttar me oss på gode samarbeidspartnarar som Lenovo Norge, seier han.