I juni i år opna design- og landskapshotellet Elva Hotel. Med fantastisk plassering ved Lundarvatnet, fine dining-restaurant, stilig arkitektur og nærleik til natur og aktivitetar satsar dei på kvalitet og unike detaljar i alle ledd, også når det kjem til konferanserommet.
Voss Kommunikasjon har levert tekniske løysingar for lyd og video til dette rommet, og lydanlegg til restauranten og uteområdet. Frode Solbakk, Mange Bekker Arkitektur og dei andre utviklarane av hotellet hadde strenge krav til kvalitet og integrering i rommet, så her fekk Voss Kommunikasjon bryna seg på tilpassa løysingar utanom det vanlege!

Runddans og forvirring
I utgangspunktet skulle konferanseromsutstyret leverast som ein del av totalentreprisen, men Frode Solbakk (administrerande direktør i Voss Active) og gjengen på Elva Hotel fekk tatt dette ut av avtala.
– Me forstod at konferanserommet vart ein viktig del av hotellet, og me ville helst kontrollera prosessen med utstyret sjølve, og undersøka kva ulike leverandørar kunne levera. Me har jo lokal kompetanse i bygda, og ville gjerne nytta denne om det lot seg gjera. Det vart ein lang "runddans" med tilbod frå ulike aktørar, ulike tekniske løysingar og matching på pris, seier Solbakk.
Frode fortel at han vart heilt forvirra på eit tidspunkt, fordi det var så mange tekniske detaljer og prisar fram og tilbake frå dei ulike aktørane.
– Det løsna då Tom-Erik frå Voss Kommunikasjon tok utgangspunkt i totalbudsjettet og forenkla bestillinga litt. "Då er det budsjettet, også dekkar me det, det og det", sa han, og då vart det enklare for meg, for eg har jo ikkje eigentleg peiling på alt det tekniske ved dei ulike løysingane eller tid til å setja meg inn i alt det på detaljnivå, seier Frode Solbakk.

Funkar kvar gong
Sjølv om Frode ikkje hadde inngåande teknisk kompetanse på AV-utstyr, så hadde han to tydlege føringar ved valg av teknisk løysing til konferanserommet. For det fyrste måtte utstyret vera så brukarvenleg som mogeleg.
– Me var veldig opptekne av at utstyret skulle vera så enkelt som mogeleg å bruka. Me er 62 tilsette på huset, og me veit aldri kven som må låsa opp rommet og fyra opp video og lyd. Det må vera enkelt og intuitivt å få kopla opp og satt i gang. Denne Benq-dongelen er løysinga, den funkar kvar gong, og mange av dei som har brukt rommet har vore borti den før, seier Solbakk, og viser fram ein trådlaus sendar frå Benq InstaShow, som koplast til data og sender bilete og lyd til videokanon og høgtalar gjennom USB-C.
