Den perfekte treningskamerat
Ja, det stemmer, Jabra Elite Sport er øyreproppar laga for trening. Med IP67-sertifisering er desse bortimot vasstette, dei kjem med pulsmåling i øyra og ein eigen app slik at du kan loggføre treninga rett på mobilen. Kan du endelig droppe pulsklokka og beltet?
Eit av dei viktigaste ankepunkta for dei som skal kjøpe seg «true wireless»-øyreproppar er at dei sitt på plass. Her har Jabra sikra seg godt med 6 forskjellige gummiproppar i tillegg til 3 forskjellige «venger» som gjer at dei aller fleste vil finne ein kombinasjon som gjer at dei sit som støypt i øyra. For at pulsmålinga skal virke er det og viktig at du vel riktig storleik på proppane og vengene.
Batteritid
Eit anna viktig spørsmål når me snakkar om «true wireless» er batteritid. Elite Sport kjem, som dei fleste andre, med eit ladeetui. Sjølve øyreproppane har 4,5 timars batteritid. Ladeetuiet har kapasitet til å lade opp ytterlegare 2 gonger og dermed har du til saman 13,5 timars batteritid. Dette er heilt i toppen blant dei heilt trådlause øyreproppane. Sidan øyreproppane blir oppbevart i ladeetuiet vil du svært sjeldan oppleve å gå tom for batteri.