Kunde- og leverandørtreff 14.09: Smart arbeidskvardag

Kunde- og leverandørtreff 14. september – møt våre leverandørar og lær meir om smarte løysingar til arbeidsplassen. Fine dining-oppleving på Elva Hotel til svært hyggeleg pris på kvelden.

Torsdag 14. september kl 12-16 arrangerer me kunde- og leverandørtreff i butikken vår i Uttrågata.


Her får du møta ei rekke av våre flotte leverandørar og samarbeidspartnarar – Epson, Lenovo, Apple, Logitech, HP, Mousetrapper, Mediesmio, De Lage Landen, Hikvision og Scandec med fleire – som viser fram produkt og fortel om tenestene dei leverer.


Treng du påfyll av inspirasjon og kunnskap for å gjera arbeidskvardagen din smartare? Har du lyst å forbetra samhandling og arbeidsflyt eller oppdatera deg på data- og utstyrsfronten? Då er det svært mykje å henta her!

Link til påmeldingsskjema finn du nedst på denne sida.

Frå jubileumskonferansen "Trygg digital kvardag" som me heldt i september i fjor. Nokre av leverandørane som deltok bidreg på kunde- og leverandørtreffet "Smart arbeidskvardag" i år og. Foto: Sverre Hjørnevik.


Me startar kl. 12 slik at du kan ta lunsjen med oss. Etter litt enkel servering, kaffi og mingling vert deltakarane delt inn i grupper som går rundt og høyrer på dei ulike leverandørane sine presentasjonar. Programmet er ferdig ca. kl. 16.

Restauranten på Elva Hotel, frå opninga av hotellet. Foto: Elva Hotel/Sverre Hjørnevik

Kunde- og leverandørmiddag på Elva Hotel

Bli med vidare til Ei unik fine dining-oppleving på Voss sitt stiligaste hotell, til ein svært hyggeleg pris.

Dei som ynskjer kan bli med oss vidare til det nyopna designhotellet Elva Hotel ved Lundarvatnet. Når bygda fyrst har fått eit så stilig hotell med fine dining-restaurant må det nyttast for det det er verd, synest me. Me har levert spesialtilpassa konferanseromsutstyr og lydsystem til hotellet, og no vil me testa ut fasilitetane saman med gode leverandørar og kundar.


17.00: Me byrjar kvelden i utandørs boblebad, badstu og spaavdeling på Elva Hotel.

18.45: Apéritiff og mingling på hotellet.

19.30: 7 rettars smaksmeny med drikkepakke vert servert i restauranten.


Dette er ei unik mogelegheit til ei fine dining-oppleving på Voss sitt finaste hotell til ein svært hyggeleg pris.


Våre kundar får 7 rettars smaksmeny og drikkepakke til 995,- per deltakar. Ordinær pris er 2159,-

OBS: Kvar verksemd kan melda på maks to personar til middagen på Elva, på grunn av stor pågang. Det er eit begrensa antal plassar, så ver rask med å melda deg på!

Trykk her for å melda deg på

Me gler oss til å mingla med kundar, leverandørar og samarbeidspartnarar 14. september – vel møtt!

Les meir

Hald deg oppdatert!

Meld deg på vårt nyhetsbrev for å motta nyhende og informasjon om hva som skjer.

Takk :) Vi skal halda deg oppdatert.
Oida! Noko gjekk gale. Ver vennleg og prøv igjen.